Bygningsvernkonsulentordninga i Hordaland. Evaluering
Abstract
NIKU har gjort ei evaluering av bygningsvernkonsulentordninga i Hordaland på grunnlag av skriftleg kjeldemateriale, intervju med bygningsvernkonsulentane og ei spørjeundersøking til huseigarar, handverkarar, musea og kommunane i fylket. Ordninga med bygningsvernkonsulentar er god, og konsulentane spelar ei viktig rolle. Dei arbeider opp mot mange ulike målgrupper og leverer tenester det er stor etterspurnad etter. Bygningsvernkonsulentordninga er eit lågterskeltilbod for huseigarar og fungerer godt som det. Ho erstattar ikkje arbeid i kommunane eller i fylket, men er eit verdifullt tillegg. Det er derfor viktig å behalde ordninga. Samstundes trengst det fleire konsulentar: både i dei områda i Hordaland som i dag står utanfor ordninga, og i dei områda som allereie har stor etterspurnad etter tenestene som konsulentane tilbyr. I og med at dette er arbeid som blir utført med offentlege midlar, bør ein kunne forvente meir systematikk i arbeidet – ei einskapleg ordning – samt likehandsaming av huseigarar i alle delar av fylket. Det er såleis behov for harmonisering og standardisering av ordninga.