TA 2021/9. Kjøpmannsgata 33. Arkeologisk overvaking i samband med vasslekkasje, Kjøpmannsgata 33, Trondheim kommune
Research report
Published version

View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- NIKU Oppdragsrapport [503]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIKU [852]
Abstract
I samband med akutt vasslekkasje vart det den 15. og 16.03.2021, gjennomført ein arkeologisk etterkontroll og overvaking av ei ca. 2 x 3 meter stor grøft i det nedre gateløpet til Kjøpmannsgata 33. Dette har resultert i dokumentasjon av fire profilar der dei nedste laga kan vere intakte kulturlag. Nordvestre profil hadde eit kollag som vart 14C-datert til 972 +/- 26 BP cal AD 1028-1157 AD. Laget vart tolka som ein brent trekonstruksjon in situ, til dømes ein bryggekonstruksjon. Laget kan også strekkje seg lengre aust, og mot vest. I nordaust kom ein truleg også ned på opphaveleg naturbakke på 0,75 meter under overflata, som er ca. 3,42 meter over havet.