Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSvendsen, Maria
dc.date.accessioned2022-02-03T14:51:31Z
dc.date.available2022-02-03T14:51:31Z
dc.date.created2022-01-18T08:58:00Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2976976
dc.description.abstractBlant dei undersøkte bygningane er det sannsynleg at SA60008 har vore eit fjøs. Det er tydelege spor etter høy og dyremøkk i prøvene frå bygningen. Dei resterande bygningane er ikkje like enkle å tolka. Prøvene frå SA60007 syner eit fuktig område med restar av dyremøkk og menneskeavføring. Dersom prøvene er frå bruksfasen til bygningen, er det lite truleg at det har vore eit bustadhus. Bygningane SA60006 og SA60010 kan ha vore bustadhus eller andre aktivitetsbygningar utan dyr sidan desse ikkje inneheld spor etter dyremøkk eller avføring frå menneske. Mange av prøvene inneheld frø frå tiggarsoleie (Ranunculus sceleratus), og i halvparten av prøvene er det snakk om mellom 100 og 2000 frø per desiliter uflotert jord. Dette er ikkje uvanleg i prøvene frå mellomalderbyen, og tilsvarande mengder finst i alle prøvene frå prosjektnr. 15621215, Klypen Vest. Tiggarsoleie er giftig for husdyr, og planta trivst og kan veksa fram i stort tal der anna vegetasjon vert beita so hardt at den til slutt døyr. Dette seier noko om kor mange dyr som tidvis må ha fanst inne i byen, og kor lite vegetasjon som må ha vore att. Med tap av vegetasjon vert området utsett for erosjon sidan det ikkje lenger er nok røter i bakken til å halda jordmassane saman. Bakken har heller ikkje klart å ta unna regnvatn. Dette må ha gjort område utan plankedekke våte og gjørmete, og små bekkar av regnvatn har regelmessig kunne frakta med seg lette frø gjennom byen. Dette har spesielt gjelde frø frå tiggarsoleie og frø frå markjordbær (Fragaria vesca). Sistnemnde har det vore mykje av i latrinene i byen. Prøvene PA54314 (044) og PA52687 (052) syner i tillegg at nokre område må ha stått heilt eller delvis under vatn, og at slike område har samla opp frø.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorsk institutt for kulturminneforskningen_US
dc.relation.ispartofseriesNIKU Oppdragsrapport;65/2017
dc.titleMakroanalyse av jordprøver. Follobanen 2015 Områdene sør for Bispegata – D1 Vesten_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.source.pagenumber26en_US
dc.identifier.cristin1983131
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel