Follobanen F03, Arkeologigropa. Makroanalyse av jordprøver
Research report
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2976971Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIKU Oppdragsrapport [463]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIKU [764]
Sammendrag
Det er eit rikt plantemateriale i mange av dei analyserte prøvene. Kontekstane prøvene er henta frå ser i stor grad ut til å vera intakte. Eit unnatak er nokre av prøvene som inneheld store mengder tiggarsoleie (Ranunculus sceleratus). I fleire av prøvene er det matplantar som, med unnatak av valnøtt (Juglans regia), har vore sanka eller hausta lokalt. Det er noko overraskande at diversiteten blant dei ville bæra er so stor. Det tyder på at mange ulike naturressursar har vorte utnytta. Prøvene som er undersøkte her, syner at mange ulike typar bær er brukte i kosten. Noko åkerugras finst i dei fleste prøvene. Dette er ei blanding av frø som er introduserte med dyremøkk, som har vekse på omrota jord i byen, og som har fylgt med kornet ved hausting. Det generelle inntrykket av ugraset i dei ulike prøvene er at dei mest sannsynleg har vekse i lag med bygg, dersom dei kjem frå åkerkontekstar.