Bevaring av samlingane ved fem statlege museer. Undersøkingar utført for Riksrevisjonen
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2562127Utgivelsesdato
2003Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIKU Tema [52]
Sammendrag
Riksrevisjonen ved Forvaltningsrevisjonen tok i mai 2001 kontakt med NIKU for assistanse til gjennomføring av feltarbeid i samband med deira plan om å gjere ei undersøking om korleis statlege museer i Noreg tar vare på samlingane dei har ansvaret for.
Undersøkinga vart delt opp i to delar: Riksrevisjonen tok sjølv hand om den delen av undersøkinga som går på overordna administrasjon og leiing ved kvart enkelt museum. NIKU fekk ansvaret for gjennomføring av feltarbeidet; vurdering av oppbevarings- og sikringsforholda i utvalde magasin og utstillingar.
Riksrevisjonen valde ut fem museer der feltarbeid skulle gjennomførast: Universitetets kulturhistoriske museer (UKM) og Universitetets naturhistoriske museer og botanisk hage (NHM) ved Universitetet i Oslo, Bergen museum (BM) ved Universitetet i Bergen, Nasjonalgalleriet i Oslo (NG) og Arkeologisk museum i Stavanger (AmS). Totalt 77 utstillings- og magasineiningar vart undersøkt. Vurdering av forholda i utvalde einingar vart gjort ved bruk av eit skjema med tilhøyrande database utarbeidd av Norsk Museumsutvikling (NMU).
Resultata viser at det er dels store forskjellar mellom desse fem statlege musea med tanke på korleis bevaring av samlingane er prioritert. Av dei undersøkte områda innan bevaring og sikring er brannsikring jamt over betre ivaretekne enn dei andre felta. Totalt sett er resultata betre ved Nasjonalgalleriet og Arkeologisk museum i Stavanger enn ved dei andre institusjonane. Forholda ved Universitetets kulturhistoriske museer var dels relativt bra, men situasjonen ved Vikingskipshuset trakk ned totalinntrykket. Det synes å vere dårleg vedlikehald av bygningane og elles lite samarbeid med tanke på bevaring ved dei to avdelingane ved Bergen museum. Kulturhistorisk avdeling (BM-K) har kompetanse innan bevaring, men det ser ut til å variere i kva grad kunnskapen vert utnytta. Forholda ved dei to naturhistoriske samlingane (naturhistorisk avdeling ved Bergen museum (BM-N) og Universitetets naturhistoriske samlingar og botanisk hage) viser eit formidabelt behov for kompetanse innan bevaring og konservering av naturhistorisk materiale. Felles for situasjonen ved alle musea er at mykje kan rettast på med relativt enkle grep, men med dels omfattande tidsbruk frå fagpersonar. Det er likevel på det reine at store økonomiske ressursar må tilførast over ein lengre periode dersom ein skal få bevaringssituasjonen opp på eit tilfredsstillande nivå ved dei fleste av dei statlege musea som denne undersøkinga omfattar.
All informasjon om sikring ved dei fem institusjonane er fjerna frå denne publiserte versjonen av rapporten. Dette gjeld òg fotnotar med fullstendig informasjon om korleis dei ulike einingar vart vurdert under kvart enkelt punkt, då dette vart vurdert til ikkje å vere relevant for andre enn den aktuelle institusjon.