Show simple item record

dc.contributor.authorBjørke, Anne
dc.coverage.spatialNorgenb_NO
dc.date.accessioned2018-09-11T14:27:23Z
dc.date.available2018-09-11T14:27:23Z
dc.date.issued2003
dc.identifier.isbn82-8101-008-8
dc.identifier.issn1503-4909
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2562127
dc.description.abstractRiksrevisjonen ved Forvaltningsrevisjonen tok i mai 2001 kontakt med NIKU for assistanse til gjennomføring av feltarbeid i samband med deira plan om å gjere ei undersøking om korleis statlege museer i Noreg tar vare på samlingane dei har ansvaret for. Undersøkinga vart delt opp i to delar: Riksrevisjonen tok sjølv hand om den delen av undersøkinga som går på overordna administrasjon og leiing ved kvart enkelt museum. NIKU fekk ansvaret for gjennomføring av feltarbeidet; vurdering av oppbevarings- og sikringsforholda i utvalde magasin og utstillingar. Riksrevisjonen valde ut fem museer der feltarbeid skulle gjennomførast: Universitetets kulturhistoriske museer (UKM) og Universitetets naturhistoriske museer og botanisk hage (NHM) ved Universitetet i Oslo, Bergen museum (BM) ved Universitetet i Bergen, Nasjonalgalleriet i Oslo (NG) og Arkeologisk museum i Stavanger (AmS). Totalt 77 utstillings- og magasineiningar vart undersøkt. Vurdering av forholda i utvalde einingar vart gjort ved bruk av eit skjema med tilhøyrande database utarbeidd av Norsk Museumsutvikling (NMU). Resultata viser at det er dels store forskjellar mellom desse fem statlege musea med tanke på korleis bevaring av samlingane er prioritert. Av dei undersøkte områda innan bevaring og sikring er brannsikring jamt over betre ivaretekne enn dei andre felta. Totalt sett er resultata betre ved Nasjonalgalleriet og Arkeologisk museum i Stavanger enn ved dei andre institusjonane. Forholda ved Universitetets kulturhistoriske museer var dels relativt bra, men situasjonen ved Vikingskipshuset trakk ned totalinntrykket. Det synes å vere dårleg vedlikehald av bygningane og elles lite samarbeid med tanke på bevaring ved dei to avdelingane ved Bergen museum. Kulturhistorisk avdeling (BM-K) har kompetanse innan bevaring, men det ser ut til å variere i kva grad kunnskapen vert utnytta. Forholda ved dei to naturhistoriske samlingane (naturhistorisk avdeling ved Bergen museum (BM-N) og Universitetets naturhistoriske samlingar og botanisk hage) viser eit formidabelt behov for kompetanse innan bevaring og konservering av naturhistorisk materiale. Felles for situasjonen ved alle musea er at mykje kan rettast på med relativt enkle grep, men med dels omfattande tidsbruk frå fagpersonar. Det er likevel på det reine at store økonomiske ressursar må tilførast over ein lengre periode dersom ein skal få bevaringssituasjonen opp på eit tilfredsstillande nivå ved dei fleste av dei statlege musea som denne undersøkinga omfattar. All informasjon om sikring ved dei fem institusjonane er fjerna frå denne publiserte versjonen av rapporten. Dette gjeld òg fotnotar med fullstendig informasjon om korleis dei ulike einingar vart vurdert under kvart enkelt punkt, då dette vart vurdert til ikkje å vere relevant for andre enn den aktuelle institusjon.nb_NO
dc.description.sponsorshipRiksrevisjonennb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for kulturminneforskningnb_NO
dc.relation.ispartofseriesNIKU Tema;6
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectRiksrevisjonennb_NO
dc.subjectstatlige museernb_NO
dc.subjectsamilngernb_NO
dc.subjectfeltarbeidnb_NO
dc.subjectUniversitetets kulturhistoriske museer (UKM)nb_NO
dc.subjectUniversitetets naturhistoriske museer og botanisk hage (NHM)nb_NO
dc.subjectBergen museum (BM)nb_NO
dc.subjectNasjonalgalleriet i Oslo (NG)nb_NO
dc.subjectArkeologisk museum i Stavanger (AmS)nb_NO
dc.subjectbevaringnb_NO
dc.titleBevaring av samlingane ved fem statlege museer. Undersøkingar utført for Riksrevisjonennb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.rights.holderNorsk institutt for kulturminneforskningnb_NO
dc.source.pagenumber95nb_NO
dc.relation.project21251000nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal